Lovar krisehjelp på 47 millionar

26. november 2020 kl. 21:31Lovar krisehjelp på 47 millionarDagen etter at kulturminister Abid Raja fekk krass kritikk frå det konkurstruga Folketeateret i Oslo for manglande stønad, lova han torsdag 47,1 millionar kroner i krisehjelp, skriv VG. Kulturlivet i Oslo har vore nedstengt sidan starten av november. Läs mer…

Uvisst når slaget om Mekele startar

26. november 2020 kl. 21:13Uvisst når slaget om Mekele startarStatsministeren i Etiopia, fredsprisvinnar Abiy Ahmed Ali, seier han har gitt hæren ordre om å angripe Mekele, regionhovudstaden i Tigray. Byen har 500.000 innbyggarar. Det er foreløpig ikkje klart kor langt vekke hæren står frå Mekele, melder AFP. Läs mer…

KrF-veteran vraka i nominasjonskamp

26. november 2020 kl. 21:05KrF-veteran vraka i nominasjonskampDen parlamentariske leiaren i KrF, Hans Fredrik Grøvan, tapte slaget om andreplassen på partiet si felles valliste for Agder. Plassen gjekk til Jorunn Gleditsch Lossius. Partileiar Kjell Ingolf Ropstad blei valt til førsteplassen på møtet torsdag. Läs mer…

Ras tok 6 meter av viktig bygdeveg

26. november 2020 kl. 20:57Ras tok 6 meter av viktig bygdevegSeks meter av den eine offentlege vegen som går inn til Bruvik på Osterøy er feid vekk etter eit steinras, melder politiet. Raset skjedde like etter at ein buss køyrde forbi, men denne skal ikkje ha hatt bilar bak seg, og ingen er meldt sakna. Läs mer…

Vil hindre terrorplanlegging i spel

26. november 2020 kl. 20:16Vil hindre terrorplanlegging i spelTerrorgrupper og organiserte kriminelle nettverk kan utnytte dataspel til å spreie valdeleg ideologi og planlegge angrep, meiner antiterrorsjefen i EU ifølge AFP. Utsegna kjem i forkant av at det blir lagt fram ei ny EU-lov om digitale tenester. Läs mer…

Reiselivet på Svalbard får tilskot

26. november 2020 kl. 20:12Reiselivet på Svalbard får tilskotRegjeringa vil sette av 25 millionar kroner til ei tilskotsordning til reiselivet på Svalbard, som er hardt råka av koronapandemien. Forskrifta for ordninga blir no sendt ut til open høyring, då regjeringa ynskjer at den skal tre i kraft før nyttår. Läs mer…

Vil ha ny VM-fest på ski i 2027

26. november 2020 kl. 20:00Vil ha ny VM-fest på ski i 2027Den svenske skimetropolen Falun skal søke om å få arrangere ski-VM for nordiske greiner i 2027. Ei avgjerd om dette blir teke av det internasjonale skiforbundet (FIS) under kongressen i mai 2022. Falun har tidlegare vore vertskap for fire ski-VM. Läs mer…

Uro blant sørgande i Buenos Aires

26. november 2020 kl. 19:44Uro blant sørgande i Buenos AiresFleire titusen menneske samla seg i Buenos Aires torsdag for å hylle den avdøde fotballegenda Diego Maradona, melder Reuters. Videoar frå byen syner uro fleire stader mellom dei som har møtt opp og politifolk som freistar å kontrollere folkemassane. Läs mer…

Hurtigruten: Tap i tredje kvartal

26. november 2020 kl. 19:38Hurtigruten: Tap i tredje kvartalEtter nokre harde månader, registrerte Hurtigruten eit tap på 359 millionar kroner før skatt i tredje kvartal. I same periode i fjor var overskotet på 767 millionar kroner. Finansdirektøren seier likevel til E24 at dei ser lyset i enden av tunnelen. Läs mer…

Norsk dokumentarfilm vann gjev pris

26. november 2020 kl. 19:30Norsk dokumentarfilm vann gjev prisDen norsk-iransk-sveitsiske dokumentarfilmen «Radiograph of a Family», regissert av Firouzeh Khosrovani, vann torsdag kveld hovudprisen på dokumentarfilmfestivalen IDFA i Amsterdam. Dokumentaren vann også prisen for best bruk av arkivmateriale. Läs mer…

Verftsmannskap blir testa i morgon

26. november 2020 kl. 19:21Verftsmannskap blir testa i morgonDei sju som er smitta ved Fiskerstrand verft er sett i isolasjon. Resten av mannskapet sit i karantene på verftsområdet. Dei sju er mannskap på to russiske båtar ved verftet, og dei kring 200 personane om bord blir testa i morgon, seier Sula kommune. Läs mer…

Enno strid i budsjettforhandlingane

26. november 2020 kl. 19:18Enno strid i budsjettforhandlinganeBudsjettkrangelen i EU held fram, melder AP. EU føreslår at prinsipp om demokrati og rettstryggleik skal vere blant vilkåra som avgjer om medlemsland får pengar frå langtidsbudsjettet og korona-redningspakken, noko Ungarn og Polen nektar å gå med på. Läs mer…

Oslo MDG: Hansson vann kampvotering

26. november 2020 kl. 19:01Oslo MDG: Hansson vann kampvoteringEtter Oslo MDG sitt digitale nominasjonsmøte torsdag kveld, vann Rasmus Hansson kampvoteringa om andreplassen mot Hulda Holtvedt, og er dermed med i kampen om å halde fram på Stortinget neste haust. Førsteplassen gjekk til Lan Marie Berg, skriv NTB. Läs mer…

– Hindrar folk i å flykte til Sudan

26. november 2020 kl. 18:54– Hindrar folk i å flykte til SudanDen etiopiske hæren har blokkert ein av hovudvegane som folket frå regionen Tigray bruker for å ta seg inn i Sudan, seier flyktningar ved grensa torsdag ifølge Reuters. Konflikten mellom styresmaktene og opprørarar i Tigray braut ut 4. november. Läs mer…

Skuldar setteriksadvokaten for løgn

26. november 2020 kl. 18:49Skuldar setteriksadvokaten for løgnIngen er dømde i Nav-skandalen berre for å ha vore i EØS-land, hevda setteriksadvokaten i Nav-høyringa framfor Efta-domstolen. Dette er reinspikka løgn, seier leiaren av organisasjonen for dei som er råka av skandalen, Rune Halseth, til NTB. Läs mer…

Bad om orsak for mink-handteringa

26. november 2020 kl. 18:46Bad om orsak for mink-handteringaDen danske statsministeren Mette Frederiksen tørka vekk tårer og bad om orsak for korleis krisa knytt til koronasmitta mink blei handtert. Funnet av ein mutert variant av koronaviruset førte til at regjeringa vedtok å slakte all mink i landet. Läs mer…

Oppfordrar alle til å samle seg

26. november 2020 kl. 18:36Oppfordrar alle til å samle segDen amerikanske presidenten Donald Trump oppfordrar amerikanarane til å samle seg for å feire Thanksgiving. Dette kjem trass i at fleire enn 2400 amerikanarar blei registrert døde onsdag som følge av covid-19 – det høgste talet sidan mai, skriv AFP. Läs mer…

Smitte stoppa Thanksgivingtradisjon

26. november 2020 kl. 18:30Smitte stoppa ThanksgivingtradisjonTi smittetilfelle hjå Baltimore Ravens har øydelagt den amerikanske tradisjonen med tre NFL-kampar under høgtida Thanksgiving. Møtet mellom Ravens og regjerande Pittsburgh Steelers skulle vere sjølve storkampen, men er no utsett til søndag. Läs mer…

Hemsedalsfjellet opna igjen

Norsk Presseforbund, logo.Vi arbeider etterVær Varsom-plakatens reglerfor god presseskikk.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.
Lukk. Läs mer…

Fekk pusteproblem av byggestøvet

26. november 2020 kl. 18:19Fekk pusteproblem av byggestøvetHovudverneombodet i Bergen valde å stenge Midtun skole i Bergen etter at fleire lærarar og elevar blei sjuke av støvet som kom frå byggearbeidet i gangane. Fleire klaga på svimmelheit, kvalme og hovudpine på skulen. No er arbeidstilsynet kopla inn. Läs mer…

Oxford-vaksine treng meir testing

26. november 2020 kl. 18:07Oxford-vaksine treng meir testingVaksinen mot covid-19 som er utvikla av AstraZeneca treng vidare testing, skriv selskapet torsdag. Vaksinen er blant dei tre som er mest aktuelle for Noreg og Europa. Grunnen er at dei trur vaksinen verkar betre enn tidlegare oppgitt, ifølge styret. Läs mer…

Reknar med å opne snart

Norsk Presseforbund, logo.Vi arbeider etterVær Varsom-plakatens reglerfor god presseskikk.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.
Lukk. Läs mer…

Granskar politivald mot svart mann

26. november 2020 kl. 17:57Granskar politivald mot svart mannFleire franske politifolk er suspenderte etter at ein video som syner at dei utan grunn angreip ein svart mann i Paris blei offentleggjort, melder Al Jazeera. Ni andre personar blei også slått av dei same politifolka, ifølge nettstaden Loopsider. Läs mer…

Ny global handlingsplan for havet

26. november 2020 kl. 17:31Ny global handlingsplan for havetEtter nesten tre års omfattande arbeid legg regjeringa fram ein global handlingsplan for havet torsdag 3. desember. Målet er å sikre reine og rike hav for framtidige generasjonar, melder Statsminister Erna Solberg sitt kontor på nettsidene sine. Läs mer…

Trekker seg etter metoo-sak

Norsk Presseforbund, logo.Vi arbeider etterVær Varsom-plakatens reglerfor god presseskikk.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.
Lukk. Läs mer…

Flyttar cupfinalen frå Ullevaal

26. november 2020 kl. 17:23Flyttar cupfinalen frå UllevaalCupfinalen for kvinner mellom Vålerenga og LSK Kvinner må bli flytta frå Ullevaal, opplyser NFF. Årsaka er faren for å øydelegge dekket, og at ein held på å bygge om garderobane i inngangspartiet. Det er ikkje bestemt enno kvar finalen blir heldt. Läs mer…

Håpar på vaksinestart før nyttår

26. november 2020 kl. 17:14Håpar på vaksinestart før nyttårAllereie i slutten av desember kan dei første vaksinedosane bli gitt i Frankrike, opplyser helseministeren i landet torsdag ifølge AP. Han understrekar framleis at folk må førebu seg på å bruke munnbind og unngå sosial kontakt i lengre tid framover. Läs mer…