Tankbil av vegen, sjåfør alvorleg skada

Detta inlägg post publicerades ursprungligen på denna sida this site ;

Sjåføren av ein tankbil som køyrde av vegen i Aure i dag er no frigjort frå køyretøyet. Det melder politiet.
Sjåføren var fastklemt i tankbilen, som inneheld nitrogen. Han skal vere alvorleg skada, og blir frakta til sjukehus med luftambulanse.
Det er ikkje noko eksplosjonsfare i forbindelse med tankbilen, seier Eivind Klokkersund i Møre og Romsdal politidistrikt.
– Nitrogen har først og fremst det faremomentet at det kan fortrenge oksygen. Og så er det også ei fare for akutt nedkjøling. Vi har naudetatane framme på staden og jobbar med å sikre det aktuelle kjøretøyet.
Fylkesveg 680 er stengt inntil vidare.

NRK RSS

https://www.nrk.no/mr/tankbil-av-vegen_-sjafor-alvorleg-skada-1.17399024