Uvisst om mannen som er sikta for drapsforsøk skal fengslas

Detta inlägg post publicerades ursprungligen på denna sida this site ;

Ein mann i 20-åra er sikta etter knivstikkinga på Figgjo i Sandnes tysdag. Det opplyser politiet.
No vurderer politiet om den sikta skal framstillast for varetektsfengsling.
– Han er no i arrest og vil etter planen bli avhøyrd i dag. Det er for tidleg å seie noko om hendingsgang eller motiv. Den fornærma er framleis innlagd på SUS. Politiet har ingen fleire opplysningar om skadeomfang, seier politiadvokat Ketil Remman.
Den sikta og den fornærma mannen kjenner kvarandre. Fornærma er ein mann i 30-åra.
Vedkommande verka ifølge politiet alvorleg skadd, men var oppegåande etter hendinga. Han blei frakta til Stavanger universitetssjukehus (SUS) tysdag kveld.
Politiet har snakka kort med både den sikta, den fornærma og fleire vitne. Dei gjorde undersøkingar på staden utover kvelden og i natt.
Remman stadfester at dei har gjort fleire beslag, men dei vil ikkje seie noko om kva det er.
Det var eit vitne melde frå om det som skjedde.

NRK RSS

https://www.nrk.no/rogaland/uvisst-om-mannen-som-er-sikta-for-drapsforsok-skal-fengslas-1.17399589